Tradisjonsbakst knytt til julehøgtida
Då var det tid for julebaksten! Dette er den samlinga eg har gleda meg aller mest til – og etter ei kjekk fjerde samling der vi fekk prøve oss på ulike typar lefser og flatbrød, var heimeoppgåva å lage to ulike produkt basert på mjøl. Eit av produkta skal vere lefse eller flatbrød, og det andre skal vere ei anna type tradisjonsbakst som vi vel sjølve. Sidan eg allereie har laga flatbrød i forbindelse med familiedag på Haualeite syntest eg det var mest fornuftig å prøve meg på lefsebaking denne gongen. I tillegg skal eg lage bestemors krumkaker, min personlege julefavoritt. Litt om korn Korn har vore dyrka heilt tilbake til om lag 12.000 – 10.000 f.Kr. Gjennom dagens Tyrkia, Syria Iran og Irak har vi eit område kalla «den fruktbare halvmånen» med elvene Tigris og Eufrat på kvar si side. Det er anslått at dette var det fyrste området der det vart dyrka korn. Dette var med på å etablere busetjing og ei stabil matforsyning (Bjørnstad, 2005) og danna grunnlaget for sivili...