Matkulturdag på Haualeite - Volda bygdetun

Forskningsdagane gjekk i år av stabelen frå 18-28 september. I forbindelse med dette skulle det arrangerast matkulturdag på Volda bygdetun, i regi av studentane som går Matkultur. Her skulle vi sette opp fire ulike stasjonar med matverkstad som dei besøkande kunne komme innom for å smake på og prøve å lage ulike typar tradisjonsmat.

 

Volda bygdetun – Haualeite

Bygdetunet ligg i Volda sentrum, rett under Rosethornet. Her kan du sjå og oppleve korleis ein typisk Sunnmørs-gard såg ut rundt midten av 1800-talet og tunet har over 20 hus som blir nytta til fleire ulike aktivitetar.  (Volda Kommune, 2023)

 

Foto lånt frå Volda bygdetun sine Facebooksider



Eg fekk vere på gruppe saman med Elise, og vi fekk i oppgåve å lage flatbrød. Oppskrifta vi nytta fekk vi utdelt på samling 6. september og sidan Elise hadde fått testa denne på førehand vart vi einige om å bruke den. Sidan flatbrød og smør tradisjonelt heng litt saman, tenkte vi at det også ville vere fint å presentere to ulike typar smør, eit av rømme, og eit av fløte, slik at gjestane kunne få smake det på flatbrøda. Tanken var fyrst å skjere opp smøret i små porsjonar og dele ut, men grunna uvisse rundt kor mange som kom til å dukke opp, bestemte eg meg for å oppbevare det i vanlege glasbollar.

 

Litt om flatbrødets historie

Ein kan nesten seie at flatbrødet blir rekna som Noregs nasjonale brød (Röstad, 1979). Kor lenge flatbrødet har eksistert er noko uvisst, men det kan sporast så langt tilbake som rundt 1500-talet. Truleg har det vore eit kvardagsbrød lenge før den tid, heilt tilbake til vikingtida. (Bugge, 2019). Arkeologiske utgravingar i Oslo har avdekt at folk truleg åt flatbrød frå rundt år 1100. Her fann dei flate steinheller som vart nytta til utbaking, fyrst og fremst av flatbrød og lefser. Hellene var laga av ein spesiell type kleberstein med riller, somvart lagt på opne eldstadar eller i store røykomnar. Etter at jerntakkene kom i produksjon vart det slutt på disse bakstehellene (Molaug, u.d.).

Flatbrødbaking var gjerne ein sosial aktivitet, og vart gjort som dugnadsarbeid mellom naboar. Då  vart det steikt opp store mengder i gongen. Det mest vanlege var å bake på vår og haust. Det vart sagt at dersom ei ungjente skulle bli godt gift, måte ho beherske flatbrødbaking (Röstad, 1979).

Flatbrød var ein måte å konservere mjølet på og hadde mykje lenger haldbarheit enn sjølve mjølet, så lenge det vart oppbevart tørt og kjøleg. Dei mest brukte kornsortane til flatbrød var bygg, havre, kveite og rug. Disse kornsortane dyrka folk på gardane sine, og ved hjelp av møllene vart korna kverna til mjøl. Det var også forskjell på festbrød og kvardagsbrød. Festbrødet var gjerne tynnare og laga av finmala korn. (Lyster & Hatløy, 2012).

 

Oppskrift på flatbrød

©       7 dl vatn

©       1 kg grovbakstmjøl

©       1 ts salt

©       2 dl byggmjøl ( til utbaking)

 

©       Bland mjøl og salt.

©       kok opp vatn, avkjøl noko før du tilset

©       i mjølblandinga.

©       Elt saman til ein fast deig.

©       Legg deig i plastpose, lat ligge i kjøleskåp til den er godt avkjølt.

©       Del deig i emne på 200 gram til 60 cm takke.

©       Strø godt med byggmjøl på bakebordet, kjevl emna til ei tynn og stor leiv.

©       Legg leiven på godt oppvarma takke og steik til den blir tørr på overflata.
Snu og steik vidare til det blir brune flekkar. Vêr varsam så den ikkje blir brent.


Smøret

Smøret hadde historisk ei stor rolle som både næringsmiddel og betalingsmiddel. Etter skattereforma av 1617 var smøret den viktigaste middelet ein hadde for å betale skatt. (Bugge, 2019, s. 103). Sidan vi skal ha meir om temaet smør seinare i studiet, har eg valt å ikkje fokusere så mykje på dette, men eg har tatt med oppskrifta vi nytta her:

 

Du treng

©       6 dl kremfløyte eller seterrømme

©       1 ts salt

©       Kjøkenmaskin eller handmiksar

©       Dørslag/sikt + kjøkken handkle

©       2 bollar


Slik gjer du

©     Pisk fløyten eller rønna i ein bolle med kjøkenmaskin/handmiksar til feittet skil seg frå væska (kjernemjølk). Dette tek om lag 5 min, bruk gjerne noko til å dekke over bollen då det kjem til å sprute litt væske.

©      Sil av kjernemjølka, IKKJE kast denne, den har same bruksområde som vanleg mjølk og er super å bruke i t.d. brøddeig.

©     Skyl smøret med reine hendel eller hanskar i kaldt vatn i ein bolle. Kna godt og bytt vatn fram til fargen på vatnet er klart. Slik fjernar vi restane av kjernemjølka.

©     Tilset smak som salt, urter, etc. kna godt.

©     Rull smøret i plastfolie eller matpapir og legg det i kjøleskap. Del gjerne i skiver før servering.


Smøret held seg fint i kjøleskapet i om lag to veker, og 2 månader i frysaren.

Tips: Å tilsete urter som kvitlauk, basilikum, persille, chili eller grillkrydder gir smøret ein ekstra spanande smak og er perfekt til f.eks frillmat, pinnebrød eller festmåltid.

 

Gjennomføring og oppsummering av sjølve dagen

Vi møttes på Kaarstad kl. 10.00 for å forsikre oss om at vi hadde godt med tid. På denne måten fekk vi ein fin og roleg start på dagen, hadde god tid til å ete litt mat og ta ein ekstra kopp med kaffi. Elise hadde laga klar flatbrøddeiga dagen før, så vi starta med å dele den opp i små emne på 30 gram, og steikte opp nokon av dei på førehand slik at vi skulle ha litt til dekor og smaksprøver til dei fyrste besøkande. Vi fekk samla saman resten av utstyret vi hadde på lista vår, og køyrde så til Haualeite for å installere oss i huset. Vi hadde fått tildelt eit koseleg lite hus kalla Vassbakkestova/Joplass-stova (frå Røysbakken, Halkjeksvik. Bygd i 1874 av Jo Vassbakke) og omgjevnadane kunne ikkje vore meir perfekte!


Møre og Romsdal - Volda - Volda bygdetun
Vassbakkestova der vi hadde stasjon – Foto lånt av Sandalsand

 

Vi tende te-lys i pynta sylteglas som vi sette i vindua, og laga til ein fin installasjon på bordet med flatbrød, bjørnemosekost og smør. Til opplegget hadde vi også printa ut brosjyrar som eg hadde laga til, med oppskrifter som dei besøkande kunne ta med seg heim. I tillegg hadde Elise skaffa bjørnemose, slik at vi kunne ha ein ekstra aktivitet for borna der dei kunne prøve seg på å lage bjørnemosekost, dersom det var dårleg ver og lite besøk. Antrekk for dagen vart strikkegensar, men det blei såpass varmt i huset at dei måtte vi ta av. Vi hadde også på oss flotte skaut som Elise også hadde sydd for anledninga.

 

Litt av oppsettet i stova - Foto: Anne-B Hansen


Det hadde ikkje gått monge minutta før dei fyrste gjestane kom innom. Etter det balla det berre på seg, trass i at regnet bøtta ned ute. Det var ikkje stille i eit einaste sekund, for det kom stadig små og store nysgjerrige gjestar innom for å smake på flatbrøda og slå av ein prat. Vi fekk vist fram utbaking av flatbrød, litt historie, samt korleis ein bjørnemosekost vart nytta. Nokon fortalte også historier frå si eiga oppvekst, om tradisjonane dei hadde vakse opp med og deira erfaringar med å lage flatbrød, det synest eg var ekstra kjekt. Kjevlene fekk køyrt seg av både små og store ivrige flatbrødbakarar og det var monge stolte andlet som gjekk derifrå med sitt heilt eige flatbrød i hendene. Dei besøkande sette stor pris på å få smake både flatbrød og smør, og det var ei viss ueinigheit i kva for eit smør som var favoritten, men eg vil seie delinga var ca. 50/50.


Gjestane i full sving med flatbrødkjevling og steiking - Foto: Anne-B Hansen

 


Når klokka passerte 15.00 begynte det å minke på folketalet, så då fekk vi omsider moglegheita til å ta ein visitt innom dei andre studentane sine stasjonar. Vi brukte opp all deiga som vi hadde delt opp i emne på førehand, den resterande deiga som vi fekk til overs tok Elise med seg heim for å bake med elevane sine i mat og helse. Flatbrøda som var att delte vi imellom oss, med andre ord ingen svinn.



Erfaringar

Det var utfordrande å skulle berekne mengde til eit slikt arrangement. Vêrmeldinga var dårleg og tidlegare erfaringar tilsa at det kunne kome lite folk. Vi tok likevel sjansen på å tredoble oppskrifta på flatbrød, og vi er glade for det. Vi tok ut berre 2/3 av den, så hadde vi den siste i reserve dersom det ikkje skulle vere nok.  Det var kjekt med to takker, då gjekk steikinga effektivt. Det var også supert at vi hadde tatt med bakstedukar, slik vi ikkje grisa til trebordet. Vi hadde gløymt å ta med antibac, men fekk løyst dette med å bruke eingongshanskar.

Vi hadde fyrt opp i grua, men fekk vite i etterkant at denne grua ikkje burde fyrast i på grunn av at røyken ikkje trekte opp i pipa. Så det kan vere greitt å vite for neste arrangement. Tenker også at tidspunktet for arrangementet gjerne kunne vore frå 12.00-15.00  i staden, då vi såg at den siste timen gjekk vekk i litt dødtid og dei fleste hadde reist heim til middag. Dagen gjekk så fort at vi gløymde å dokumentere med bilete så det vart ikkje så monge bilete. Elles er eg svært nøgd med gjennomføringa. Til trass for at vi berre hadde dialog via telefon og meldingar, hadde eg og Elise eit veldig godt samarbeid og hadde planlagt dagen så godt at det meste gjekk på skinner.


Ferdige flatbrød - Foto: Anne-B Hansen


Bjørnemosekost laga av Elise - Foto: Anne-B Hansen



Kjelder

Bugge, A. B. (2019). Fattigmenn, Tilslørte bondepiker og rike riddere. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Lyster, I., & Hatløy, O. M. (2012). Go' bitar frå besta si kokebok. Gurskøy.

Melk.no. (u.d.). www.melk.no. Henta september 11, 2025 frå  https://www.melk.no/Inspirasjon/Lag-dine-egne-meieriprodukter/Lag-ditt-eget-smoer

Molaug, P. (u.d.). Middelalder.no. Henta september 25, 2025 frå Bakstehelle:  https://www.middelalder.no/oslo-i-middelalderen/arkeologiske-funn/74-bakstehelle

Röstad, S. (1979). Flatbrød, Lefsebaking. Oslo: Landbruksforlaget.

Volda Kommune. (2023, mai 31). Volda Kommune. Henta september 24, 2025 frå https://www.volda.kommune.no/tenester/kultur-fritid-og-frivilligheit/turisme-og-friluftsliv/attraksjonar-i-volda/volda-bygdetun/

 

 

Kommentarer

Populære innlegg